Redd - for vaksne

Redd - for vaksne

Hjertehjulet for vaksne - Klikk for stort bilete

Hjertehjul med informasjon om følelsen redd. (PDF, 377 kB)

 

Når barn er redde vil vi gjerne hjelpe dei til å sleppe å vere redde, og til å få til det dei bør, må eller har lyst til. Vi kan bli ivrige eller frustrerte på deira vegne, og handle raskt for å få dei vidare. Vi pusher, følger, hjelper eller legg planar. Alt med dei beste intensjonar. Men vi gløymer ofte å validere følelsen dei har før vi starter.

Frykt eller redsel er ein sterk følelse med lammande kraft. Nokon gongar er frykt heilt på sin plass, eit viktig varsel som skal hindre oss frå skade. Andre gongar har alarmsystemet vårt misforstått og følelsen hindrar oss i å gjere noko som er trygt. Uavhengig om det vi er redd for er fornuftig å vere redd for eller ikkje, er følelsen like sterk.

Barn er veldig ulike. Vi vaksne vil gjerne at barn skal vere trygge og tørre det dei har lyst til, bør og må. Men alle gjer ikkje det. Nokre treng mykje tid og støtte for å ikkje kjenne seg redde lenger.

Når vi møter barn som er redde er det fint om vi starter med å tone oss inn på følelsen, kjenne den litt att inni oss, men halde oss i lågare styrkegrad av følelsen slik at vi ikkje tek den over. «Er du redd? Det forstår eg godt. Det er litt skummelt. Det er mange som er redd for dette.» Allereie no er det truleg at trykket i følelsen er på veg ned. Å bli forstått har regulerande effekt. Også at nokon er saman med meg i følelsen.

Neste steg er å sjekke om barnet ønsker å ikkje vere redd for dette, og kva barnet treng av hjelp og støtte for å få det til. Kanskje er det nok å vite at du er tilgjengeleg om barnet treng deg? At barnet kan kome tilbake om det blir skummelt igjen? Om barnet treng stor grad av støtte i starten er det lurt om vi klarer å gi dei dette. For kvar gong ein lykkast med å gjere noko ein er redd for, erfarer alarmsystemet at det går bra. Etter kvart sender det difor ikkje lenger ut varsel-signal i kroppen. Og då kjenner barnet ikkje lenger frykt for dette. Om vi derimot pushar barnet til å måtte meistre sjølv, før barnet er klar til å gjere dette aleine, vil alarmsystemet jobbe intenst i barnet. Det kan føre til at barnet får problem på andre område, i tillegg til at det erfarer av vi vaksne ikkje kan hjelpe. Eleven kan få ulike vanskar som hindrar god læring, helse, trivsel og utvikling. Å finne ut kva støtte barnet treng, og korleis vi kan legge til rette for at eleven skal få trene på å klare i sitt eige tempo, er difor er ei svært god investering!

Barn som er engstelige og redde uten at situasjonen faktisk er utrygg vil ofte ha stort fokus innover. Det kan nokon gongar hjelpe å rette fokus utover. Ein kan sette ord på det ein ser rundt seg. Kor mange raude ting er det i klasserommet f.eks? Kan du sjå nokon trekanta ting? Om ein tek ei slik runde saman der den vaksne også deltek – så har merksemda fått akkurat lang nok pause frå det ein er så innmari redd for, at kroppen har roa seg litt og det er lettare å ta inn dei trøystande orda eller støtten den voksne gir.

Følelseskompasset om frykt 

Til toppen