Kvifor bruke visuell støtte?
Barn og unge er ulike og har ulike behov. Nokre klarer fint å følgje med, konsentrere seg, ta i mot beskjedar og gjere det dei skal. Andre brukar enormt med krefter på å få det til, eller greier det ikkje. Når vi vaksne tek omsyn til dette og brukar nokre få minutt av dagen på å gi visuell støtte, aukar det sjansen for at mange fleire har betre utbytte av, og utviklar seg godt i, den kvardagen vi tilbyr dei.
Sjå filmen for meir utfyllande forklaring av behova det skal dekke og korleis det kan gjerast:
Korleis gjere det i praksis?
Det finnast svært mange måtar å jobbe med visuell støtte på. Mellom anna finnast der svært mange digitale verktøy som kan tilpassast den enkelte. I filmen over anbefaler vi likevel å bruke system basert på bilde/tekst som er skrive ut og laminert. Det er fordi det er tilgjengeleg for alle heile tida. Vi kan nemleg ikkje alltid vite akkurat kven som treng dette, og når.
I filmen går vi igjennom det grunnleggande med korleis ein legg dagen saman med dei unge, korleis ein bryt det ned i mindre handlingsrekker ved behov, samt det å huske å plukke vekk det ein er ferdig med slik at det heile tida er oppdatert.
Materiell
Her er ferdig materiell for ulike aldrar som de kan skrive ut, klippe opp, laminere (helst i matt plast), klippe og lage til eit system med borrelås eller «lærartyggis»:
Fleire bilder er under produksjon, ta gjerne kontakt om det er noko de saknar!
Bildekorta er teikna av illustratør Siw Utheim Pedersen for Livet&Sånn
Ønsker du digital versjon til smartboard i samme stil?