Alle heile tida

Det viktigaste arbeidet for å forhindre mobbing, er det arbeidet alle gjer heile tida. Det er det systematiske arbeidet som må til. I tillegg til å jobbe generelt for trygt og godt skolemiljø handlar det om å bruke kunnskap om grunnleggande behov og å følge med og gripe inn med omsorgsfull kontroll når ting skjer.

Illustrasjon frå filmen som viser barn som snakkar med ein vaksen - Klikk for stort bileteBilde frå filmen "Mobbing på skolen".

Jobb førebyggande ved å dekke grunnleggande behov

Mobbing kan oppstå når elevar ikkje får dekt grunnleggande behov på ein god måte. Godt arbeid mot mobbing handlar difor mykje om å greie å dekke elevane sine behov for å 

  1. kjenne at dei høyrer til i flokkane sine
  2. regulere vonde følelsar
  3. oppleve meining og meistring i kvardagen

Lær om dei tre behova her, og korleis de kan jobbe for å dekke desse:

Tekst: Vi har behov for å kjenne at vi høyrer til i flokkane våre. - Klikk for stort bilete

 

Tekst: Vi har behov for å regulere vonde følelsar. - Klikk for stort bilete

 

Tekst: Vi har behov for å oppleve meining og meistring i kvardagen. - Klikk for stort bilete

 

Gripe inn og stoppe mobbing med omsorgsfull kontroll

Sjølv om vi forebygger godt må vi alltid vere opne for at mobbing/plaging/krenking/utestenging likevel kan skje. Difor må vi sjå etter det og gripe inn med omsorgsfull kontroll når det skjer. Lær meir om dette:

 

Bruk gjerne dette personalkurset for å øve:

I denne filmen visast også korleis ein kan gripe inn fysisk om ein blir nødt til det, med det viktigaste er å gripe inn tidleg for å unngå at situasjonar eskalerer, så det er mest fokus på det.