Øvingar om følelsar Til læraren Øvingane under her kan du bruke saman med materiellet som ligg under dei ulike følelsane om du ønskjer meir aktive timar. Eller de kan bruke dei som utgangspunkt for oppgåver i ulike fag som musikk og kunst og handverk. Denne sida er ikkje laga slik at det er meininga at skjermen skal vere synleg for elevane. Dette er idear til deg som er lærar. Mange ønskjer å ha slike øvingar på ark slik at elevane ikkje ser det som står der. Om du ønskjer å skrive ut, så kopier teksta i aktuell boks, lim den inn i eit tomt dokument, og skriv dette ut. Ulike øvingar de kan bruke i timar om følelsar: Føl musikken Denne musikkvideoen har vi laga for å ha enkel tilgang til musikk som representerer trist, glad, redd og sint. De kan bruke den på ulike måtar. For at elevane skal kjenne følelsar i kroppen kan de la elevane gå rolig rundt i rommet utan å vere borti kvarandre og kjenne/vise følelsen. De kan stoppe mellom kvar følelse og snakke om korleis det kjennes og korleis ein ser ut. De kan også bruke musikken som inspirasjon til å teikne, male, lage noko til ulike følelsar. Til å lage rollespel – eller kanskje ein dans? Noko av målet med denne er å inspirere til kreativ utforsking av følelsar. BLOB-treet BLOB-tre (PDF, 303 kB) Bruk BLOB-treet som utgangspunkt til å snakke om korleis det er å ha ulike følelsar. Kva treng dei ulike BLOB-ane? Kven av dei kjenner du deg mest att i? Kven av dei ønskjer du å vere? Kva skal til for at du kan kjenne deg slik skal tru? (Les meir om BLOB her: https://www.blobtree.com/pages/frontpage) BLOB-treet kan brukast i heil klasse for å lære om følelsar, og ein kan i bruke det i elevsamtalar der ein prøvar å forstå korleis barn har det, og snakke om kva ein kan gjere for at barn skal få det betre. Vise korleis følelsar ser ut Lærar les opp ulike følelsar og ber elevane vise kvarandre korleis dei tenker denne ser ut. Korleis ser ein ut når ein er: trist? Sint? Glad? Redd? Forelska? Overraska? Sur? Einsam? Skammar seg? Dette kan ein gjere to og to, gå rundt i rommet og vise, eller sitte i ring og sende følelsesuttrykket rundt frå elev til elev. Eit alternativ her er at det er kvar sin tur for elevane å halde "tryllestaven" og trylle elevane til å vise den følelsen tryllekunstnaren seier dei skal ha. I ring kan lærar gjerne starte med å sende følelsen utan å sei kva følelse det er, og spørje elevane etter følelsen har kome rundt. Male følelsar Bruk fargar og mønster for å uttrykke følelsar. Sjå etter følelsar i kunst for inspirasjon. Mal med fingermaling eller fargar som ein kan blande. La fargane representere gode opplevingar, tankar og følelsar. La svart vere negative opplevingar, tankar og følelsar, og legg merke til kor lite som skal til for at heile bildet/dei positive fargane vert endra. Det kan også reflektere over at sjølv om alt som skjer rundt oss eigentleg er bra (fine fargar) kan ein bli overvelda når det blir for mykje (alt blir brunt). Korleis verkar ulike fargar på oss? Mal det same motivet i ulike fargar og sjå forskjellen. Kan også gjerast digitalt. Pepparkakemann Bruk Tom figur å teikne på (PDF, 112 kB) eller la elevane teikne sjølv. Lag figuren eventuelt i fullskala ved å teikne konturane av ein eller fleire av elevane som ligg på papiret på golvet. Bruk teikningane til å skrive og teikne om kvar følelse. Om ein har ein stor figur på veggen kan ein bruke post-it-lappar til å skrive om den aktuelle følelsen denne månaden. Eller kvar følelse kan få sin farge å skrive/teikne med. Regnboge av følelsar Teikn eller mal ein regnboge, individuelt, i gruppe eller heile klassa saman. Lat elevane plassere følelsar på den fargen dei opplever den passer best på. Skriv gjerne opp alle følelsar ein kjem på først, slik at elevane får hjelp til å kome på følelsar og kan konsentrere seg om å teikne/male og plassere. Skap gode følelsar Det er mange måtar å gjere dette på. Ein kan stå i ring, eventuelt hald kvarandre i hendene og gi ein positiv kompliment til sidemannen som seier takk og snur seg vidare til nestemann. Fortset slik til alle har fått ein kompliment. Ein kan også feste papptallerkar på ryggen til elevane og la alle skrive positive eigenskapar på kvarandre sine ryggar. Etterpå får alle lese på sin papptallerken. Som runde i ring kan ein også først seie noko ein sjølv er fornøgd over at ein har fått til i dag, og så seie noko til den andre. Ein kan gjere dette to og to, men fokus på å sei noko hyggeleg til kvarandre. Eller ein kan sitte på "den magiske stolen" framme i klassa. Denne er magisk ved at alle i rommet kjem på alt som er bra med den som sit der, og alle får seie ein ting kvar. Send gjerne rundt ein "mikrofon" i klasserommet slik at det vert kvar sin tur å seie noko fint. Slike øvingar KAN ha negative sider vi vaksne ikkje ser. Når dei fleste elevar får flotte kompliment og stor variasjon sagt med entusiasme og gode blikk, kan det verte sårt å vere den som får kompliment som verkar kunstige, uvillige, ironiske eller liknande. Det er ikkje uvanleg at dette skjer. Slike øvingar fortel mykje om kor trygg ei klasse eigentleg er. Og den vaksne bør følge sensitivt med for å fange opp og justere. Hjelp elevane gjerne med forslag til kva ein kan sei til kvarandre før ein startar slik at dei kan velge ferdige kompliment. Grader av følelsar Følelsar kjem i ulike styrkegrader. Ein kan til dømes vere bittelitt trist = 1 eller ekstremt trist = 10. Lag ein temperaturmålar, teikna eller print ut ein ferdig på ark, og la elevane teikne ulike følelsar i ulike styrkegrader med å teikne korleis ansikta ser ut då. Eller bruk ferdige ansikt som ein plasserer på rett styrkegrad. Lag gjerne ein stor temperaturmålar på veggen og snakk/vis/teikn ulike styrkegrader av følelsane ein jobbar med der. Be elevane stå på rekke og vise ein følelse frå den er nesten usynleg til ekstremt sterk. Denne oppgåva kan med fordel gjerast i grupper på 3-5 elevar der dei hjelper kvarandre å finne rett uttrykk for ulike styrkegrader. Her er ein liten film på engelsk om ulike grader av følelsar. Dei eldste elevane vil nok forstå det viktigste innhaldet av denne: Know Your Emotions - YouTube Bukkane Bruse Bruk eventyret «Dei tre bukkane Bruse». Del inn i grupper og lat elevane spele eventyret. Be elevane finne ut kvifor trollet er så sint: Kva har trollet opplevd? Korleis har trollet det eigentleg? Kva skal til for at det skal bli hyggelig og lett å gå over brua? Kva kan bukkane gjere for å hjelpe trollet å bli snill? Kva treng bukkane for å klare å hjelpe trollet? Følelsestatue Del elevane inn i grupper på 3-5 som skal lage kvar sin statue som viser ein følelse. Ein eller fleire av elevane sine kroppar blir forma til statue av dei andre. Når alle er klare, viser gruppene statuane til kvarandre. Dei andre gjettar kva følelse dette er, og grunngjev det utifrå kva dei ser. Spør gjerne «statuen» korleis det kjentes å vere denne følelsen. Eventuelt kan lærar forme statue av ein elev, og la klassa gjette kva følelse det er. Lik setning på ulike måtar La elevane velje ein følelse utan å sei til nokon kva ein har valt eller bruk lappar med følelsar på som dei kan trekke. La alle elevane i klassa sei den same setninga, men på ulike måtar fordi dei sei setninga slik ein ville sagt det med den følelsen dei har fått. Døme på setningar til dette: «Eg vil ha is» «Vi er verdens beste klasse» «Det gjekk kjempebra på kampen i dag» eller «Så bra for deg da». Snakk om kor mykje kroppsspråk, stemmeleie og ansiktsuttrykk formidlar vs orda vi seier. Dette kan også gjerast i mindre grupper der elevane prøver setningane med ulike følelsar og snakkar saman om dette før ein snakkar i heil klasse. Følelse-terning Lag ein følelse-terning ved å brette eit ark til ein terning og skrive/teikne følelsar på. Bruk terningen i ulike øvingar. Eller bruk terningen i kvardagen til å hjelpe elevane å sette ord på følelsane sine. Alternativt kan ein bruke ein vanleg terning for å vise styrkegrad frå 1 - 6 på følelsane sine, eller for å seie korleis ein har det i dag på ein skala frå 1 -6. Gjett følelsen Jobb i grupper eller klasse. Ein elev får utdelt, eller vel sjølv, ein følelse. Eleven bruker kroppen og ansiktet sitt til å vise denne følelsen til dei andre. Elevane skal gjette kva følelse dette er. Ein elev ventar utanfor døra medan alle andre i gruppa vel ein følelse dei skal vise når eleven kjem inn att. Når eleven kjem inn kan han gjette kva følelsar dei viser med ein gong, eller be gruppa gjere ein felles ting medan dei har denne følelsen. For eksempel late som dei går på ski, svømmer, ete mat eller anna. Då skal gruppa gjere dette med aktuell følelse. Eleven gjettar kva følelsen er. Lærar startar med å vise ein følelse, og elevane rekker opp handa for å gjette kva følelse det er. Den som gjettar riktig får vere den neste som står framme og viser ein ny følelse. Lag gjerne ei liste med følelsar elevane kan velje mellom. Eller bruk bildet av dei 8 barna som utgangspunkt, og skriv opp nokre følelsar under i tillegg. Følelsar bak ei maske Nokon gongar viser vi andre følelsar enn dei vi eigentleg har. Be elevane teikne ei maske som dei tenker kan vere typisk for å skjule følelsar. De kan teikne og klippe den ut, eller de kan lage hol til å sjå ut, og hol til å feste strikk i, og ha den på. På innsida kan dei skrive forslag til kva følelsar maska skjuler. Papptallerkar kan vere fine på bruke som utgangspunkt for dette, då dei er runde, og stivare som maske enn ark. Alternativt kan elevane teikne og klippe ut ei maske stor nok til å dekke ansiktet, og så kan dei teikne den eigentlege følelsen på eine sida, og den følelsen som skjuler den andre følelsen på andre sida. Snakk saman om kva som skjer når vi viser andre følelsar til kvarandre enn dei vi har. Sjå gjerne på det blå under-hjartet på Hjertehjulet for å vise at dette handlar om det. Lag ein dans Bruk Følelser er bra å ha - YouTube og jobb i mindre grupper eller full klasse for å lage bevegelsar til refrenget og versa. Kanskje huskar elevane noko frå BlimE-dansar eller andre dansar dei kan bruke? Og er det nokon av orda i sangen som kan brukast som teikn i dansen? Lag følelsen som passar til situasjonen Del elevane inn i gruppe på 3-4 elevar Alle står klare når du leser opp ein situasjon. Dei skal bli einige om kva følelsar det er naturleg å få i denne situasjonen, velje ein elev som skal vise denne. Alle samarbeider om å få fram følelsen på ein best mogleg måte. Om gruppene har valt ulike følelsar eller ulike måtar å vise dei på, er det heilt naturleg. Vi reagerer ulikt, så det er ingen fasit. Situasjonar gruppene kan jobbe med: Du går aleine heim i mørket litt seint. Det er ingen rundt deg. Plutseleg høyrer du eit skummelt skrik. Kva følelse får du og korleis ser du ut da? Du har lenge ønska deg ei veldig kul bukse som mange har, men du har ikkje fått den. No fekk vennen din også denne buksa. Kva følelse har du og korleis ser du ut da? Du har tatt noko frå nokon i familien som du ikkje hadde lov til. No oppdagar dei at det er borte. Kva følelse har du og korleis ser du ut? Du har spelt kamp og skåra målet som gjorde at laget ditt vann. Kva følelse har du og korleis ser du ut? Du har fortalt kven venninna di er forelska i utan å ha lov til det. No har alle fått vite det og dei ertar ho for det. Kva føler du og korleis ser du ut? Alle skulle få kake, men når det vart din tur var det tomt. Du ser at fleire hadde tatt to kakestykke. Kva føler du og korleis ser du ut? Om de jobbar med denne etter de har lært litt om følelsar sine beskjedar og behov, kan de jobbe vidare i kvar situasjon. Elevane kan snakke saman om «Kva trur de følelsen prøver å fortelje her?» og «Kva har vi behov for når vi kjenner det sånn?». Verktøykasse for vonde følelsar Det er mykje vi kan gjere for å hjelpe oss sjølv eller andre når følelsar gjer vondt. La elevane jobbe i grupper og kome på aktivitetar eller andre ting som kan hjelpe når ein har ulike følelsar. Dei kan teikne eller skrive på lappar, og så samlar de lappane i ei lite skrin. Eller elevane kan finne ting i klasserommet eller ute, som dei kan hente og legge framme i eit liksomskrin i timen. Dei kan finne eller teikne ting dei kjem på eller som kan symbolisere for eksempel: gå ein tur snakke med ein venn høyre på musikk ete mat fysisk aktivitet søvn spel vere med familien Ver ein god venn for deg sjølv også Denne øvinga kan vere litt vanskeleg, og passar best til dei eldste elevane. Elevane kan jobbe aleine eller saman i grupper. De kan gjerne sjå filmen De små handlingene som gjør en stor forskjell - Gleding! - YouTube før eller etter oppgåva. Be elevane først teikne ein figur som har det vondt i følelsane sine. Bruk eventuelt Tom figur å teikne på (PDF, 112 kB) som utgangspunkt for fargelegging, ansiktsuttrykk og anna. Sei at elevane på den venstre sida av figuren skal skrive kva dei ville ha gjort/sagt om dei møtte ein venn som hadde det slik. Sei at elevane på den andre sida skal skrive kva dei trur dei hadde gjort/sagt til seg sjølv om det var dei sjølv som hadde det slik. Sei til elevane at vanlegvis vil det vere lurt om vi heller møter oss sjølv slik vi ville hjelpt ein god venn. Ser dei korleis dei kunne gjort det? Poenget med denne er å gjere dei eldre elevane medvitne at ungdom ofte er mykje snillare mot andre enn mot oss sjølve. Når andre har gjort noko dumt, eller har det vondt, møter vi dei ofte med forståelse og omsorg. Oss sjølve er det lettare å møte med kritikk og forventning om å skjerpe seg/forandre seg. Det er ikkje så bra for oss. Vi bør vere like gode vennar for oss sjølv som vi er for andre. Følelselotto:Følelseslotto 1 (PDF, 780 kB)Følelseslotto 2 (PDF, 2 MB)Følelseslotto 3 (PDF, 2 MB)Skriv ut i A3-format og huk av for opprinneleg størrelse slik at framside og forside havnar på riktig plass, klipp, laminer og klipp - og bruk spelet til å lære om følelsar! Trene på å forstå og hjelpe følelsar Til læraren Å forstå og hjelpe følelsar - Forklaring til den vaksne (PDF, 256 kB) Å forstå og hjelpe følelsar Sist endra 20.06.2025 14.39