FrosketidFilmar til FrosketidPust med naturen (s-pust). Ei roleg øving der elevane sit på plassen sin gjennom øvinga. Pusten og følelser. Denne forklarar kvifor pusten kan hjelpe oss med følelsane våre, og elevane får lære ei pusteøving. Pust som en drage! (Snøftepust). Dette er ei aktiv øving som er meint å gi ny energi når elevane har sitte lenge stille og treng litt aktivitet. Puste i dyrestillinger. Denne er aktiv, artig og gir energi før ny læringsaktivitet. Pust med en venn. Denne er meint for to og to elevar saman, og elevane brukar å like denne svært godt. (Den er diverre ikkje tilpassa smittevernhensyn i anledning Covid19.) Øvingar lærar les for klassaPrint gjerne ut desse øvingane og lag eit lite hefte som heng klart i klasserommet! Ei ståande øving som mjuknar opp stive musklar og gir rom for kreative måtar å røre seg på: 8-tal (PDF, 529 kB) Ei sittande øving der elevane får slappe heilt av: Trygg stad (PDF, 504 kB) Fleire ulike øvingar som kan gjerast ståande eller sittande: Enkle pusteøvingar (PDF, 438 kB) Ei god øving for å flytte fokus rundt i kroppen, god avspenning: Stram og slepp (PDF, 424 kB) Ei øving for å hjelpe mot tankekaos eller andre plagsame tankar. Denne kan elevane gjere sjølve når dei treng den når dei først har trent nokre gongar på skulen: Tankebåtar (PDF, 398 kB) Denne gir energi! Frigjerande og leiken, samtidig som den endar med ro og konsentrasjon: Riste og gynge (PDF, 419 kB) Sist endra 01.07.2025 11.31