Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime?
Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet
Filmen «Toleransevinduet – sjekk og juster tilstand» forklarer ein modell som viser at aktiveringsnivået vårt kan vere passeleg for det vi skal gjere, men det kan også vere for lavt eller for høgt. Når vi skal vere saman med barn og få til ting i lag, er det viktig at vi er innanfor toleransevinduet vårt. Det kan vere nyttig å reflektere litt sjølv:
- Kva kan få deg til å bikke ut av toleransevinduet ditt?
- Er det tider på dagen der du er meir sårbar for å hamne ned i blått eller opp i raudt?
- Kva kan hjelpe deg inn att i toleransevinduet ditt når dette skjer?
- For å oppdage at vi er i ferd med å bikke opp i raudt nivå kan det vere lurt å oppdage faresignal: kva signal (pust, puls, temperatur, spenningar i kroppen, volum på stemma eller liknande) kan du legge merke til når dette skjer?
- Kva kan du gjere når dette skjer for å kome deg ned i grøn sone? (gå ein tur på do/vaskerommet, trekke frisk luft, lage ein kopp te/kaffi, høyre på musikk, anna?)
- Korleis kan de hjelpe barnet/barna i heimen inn i grøn sone frå blått eller raudt?
Filmen Roe ned sinne, -så barn kan kjenne seg trygge handlar om noko som mange kan oppleve, men få er trygge på å snakke om. Om barna i familien opplever at vaksne blir mykje sinte heime er det viktig at de vaksne snakkar saman om dette, eller at du reflekterer over dette:
- Er vi vaksne i heimen gode nok på å roe ned sinne slik at barnet/barna kjenner seg trygge?
- Kva kan utløyse sinne i vår heim?
- Det kan vere mange årsaker til at vaksne er for sinte i møte med eigne barn; veit du/de kva som eventuelt gjer at du/de slit med sinne? Er dette noko du/de har snakka med nokon om?
- Korleis kan du oppdage i tide at du er i ferd med å bli sint?
- Kva strategiar vil du prøve for å roe ned sinne? (sjå filmen for forslag)
Her kan du lære meir om temaet
Her kan du lære meir om toleransevinduet:
Her kan du lære meir om sinne:
Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg.