Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime?
Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet
I filmen Fysisk aktivitet for folkehelse og livsmestring - YouTube vert det framheva kor viktig det er å ha ein god balanse mellom fysisk aktivitet og andre aktivitetar i kvardagen.
- Korleis er denne balansen i vår familie? Er det noko vi kan gjere for å få ein betre balanse?
- Og korleis er det med søvn i heimen? Får barnet nok søvn, eller er det noko de kan gjere for å lage betre søvnrutiner i familien?
I filmen Forstå barnet (mentalisering) handlar det om korleis vi tolkar andre rundt oss i kvardagen, og spesielt korleis måten vi tolkar barn påverkar korleis vi møter dei i ulike situasjonar.
Reflekter litt over dette, eller snakk saman heime:
- Har de som foreldre like eller ulike måtar å tolke barnet på når noko er krevjande i kvardagen?
- Kjenner du deg att i at måten du tolkar barnet på gjer noko med måten du møter det på?
- Ønsker du/de å bli betre på å sjå barnet sitt perspektiv i ulike situasjonar? Korleis kan de huske å trene på dette i ein hektisk kvardag?
Her kan du lære meir om temaet
Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg.