Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime?
Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet
Filmen om Sårbar og robust med god sjølvfølelse forklarer at det å styrke sjølvfølelsen er det viktigaste vi kan gjere for at barn skal kunne handtere det som er vanskeleg i livet.
- Kva tankar dukkar opp i deg når du ser denne filmen? Kjenner du deg att i noko av det?
- Korleis opplever du din eigen sjølvtillit, ditt eige sjølvbilde og din sjølvfølelse? Kva har forma det slik? Og korleis ønsker du at desse skal vere for at du skal kjenne deg trygg og god som forelder? Er dette noko du vil prøve å få til sjølv, eller er det lurt å finne nokon du kan prate med om dette?
- Har du opplevd ei forventning om å «tøffe opp barnet ditt»? Kva seier magefølelsen din deg om dette?
- I slutten av filmen kjem der forslag til setningar som styrkar sjølvfølelse. Inspirert av desse; kva setningar vil de prøve å bruke heime framover?
Filmen Reparer relasjonen handlar om dei brota vi alle kan lage på relasjonane våre av og til. Vi seier eller gjer ting som kan bli vondt for andre. Når dette skjer i møte med barn er det alltid lurt å reparere. Ta ansvaret på oss sjølv, snakke med barnet, og vise at vi er lei for det vi har gjort, og at vi vil forsøke å unngå at dette skjer igjen. Reflekter aleine eller saman heime:
- Kva skal til for at du skal oppleve at ei unnskyldning har reparerande effekt?
- Korleis kjennes det for deg å seie unnskyld/reparere relasjonsbrot? Er det vanskeleg for deg eller går det greitt?
- Klarer du å sei unnskyld til barnet eller andre utan å legge til eit «men» som anten forklarer dine handlingar eller delvis legg skulda på andre enn deg sjølv?
- Korleis kan vi legge merke til at vi har gjort/sagt noko som treng å bli reparert?
- Korleis kan vi huske å gjere det på ein god måte?
Her kan du lære meir om temaet
Her kan du lære meir om sjølvfølelse:
Her kan du lære meir om reparasjon:
Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg.