Mine og dine følelsar Til læraren I denne timen skal elevane lære litt om korleis følelsane våre blir til, korleis følelsar påverkar ord og handlingar, og korleis ein kan hjelpe eigne og andre sine følelsar. Filmen om hjernen og følelsar er noko komplisert, og det er mykje informasjon på kort tid. Det er likevel nyttig for mange barn å forstå at svært sterke følelsar kan «kople ut tenkehjernen» og dermed føre til at vi gjer dumme ting som vi elles ikkje ville gjort. Mange barn tenker at dei er slemme eller dumme. Dei vil ha nytte av å forstå at det ikkje er dei som barn som er slemme, men at følelsane deira kan få dei til å gjere slemme ting om ikkje følelsane får hjelp. I materialet for denne timen ligg det to gråe bokse med emosjonell ferdigheitstrening. Dette er ferdigheiter i regulering av eigne og andre sine følelsar som svært mange vaksne aldri har lært sjølve. Spesielt dette med å vise forståing for følelsen, anerkjenne, validere har vist seg å vere svært effektivt i regulering av vonde følelsar. Det kan likevel kjennes uvant og rart for både barn og vaksne, som er meir trena i å finne løysing på problem. Lærarar og klasser er ulike, så prøv deg litt fram med korleis du eventuelt vil bruke dette med dine elevar. Det du treng til denne timen: Instruksjonar for lærar - følelsar 2. trinn NN (PDF, 188 kB) eller Instruksjoner for lærer - følelser 2. trinn BM (PDF, 201 kB) Noko å teikne på? Elevane kan gjerne ha eigne bøker til Livet&Sånn-timane Eventuelt bamse eller legofigurar eller liknande til å trene på emosjonsregulering Husk også å lese her om korleis vi vaksne kan hjelpe elevar med deira følelsar, og send lenke til heimane slik at dei kan følgje opp arbeidet. Kompetansemål Overordna del: «Aktuelle områder innenfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevaner, seksualitet og kjønn, rusmidler, mediebruk, og forbruk og personlig økonomi. Verdivalg og betydningen av mening i livet, mellommenneskelige relasjoner, å kunne sette grenser og respektere andres, og å kunne håndtere tanker, følelser og relasjoner hører også hjemme under dette temaet.» Samfunnsfag: - samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast Norsk:- samtale om og beskrive hvordan ord vi bruker, kan påvirke andre KRLE: - sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer Følelsar er bra å ha Dumme følelsar kan føre til dumme handlingar Sjå Være venner – 1. Nicole og elsklingapen (Sesong 2) – NRK TV Føl musikken Forstå og hjelpe vonde følelsar Til læraren Å forstå og hjelpe følelsar - Forklaring til den vaksne (PDF, 256 kB) Å forstå og hjelpe følelsar Å hjelpe ein venn CGI **Prisbelønte** 3D Kort animasjonsfilm HD: "Stiger" - av Alyce Tzue frå TheCGBros Kva kan vi sei til andre for at dei skal bli glade? Følelsar på engelsk "Kids vocabulary - [NEW] Feel - feelings - Are you happy? - English educational video" frå English Singsing Kva heiter desse følelsane på engelsk? Sist endra 21.11.2024 09.18