Følelsar Til læraren Følelsane elevane har, er viktige for korleis dei fungerer på skolen, om dei evnar å lære, konsentrere seg og leike godt med andre. Vonde følelsar tek stor plass, så barn har god nytte av å kunne forstå og handtere følelsar. Toleransevinduet er ein god modell for å forstå kva som skjer når følelsar hindrar oss frå å fungere godt på skolen og elles. RVTS Vest har laga ein enkel film om dette som elevane får sjå. Den gir ord for noko vanskeleg som de kan bruke i kvardagen etterpå. Elevane får også trene på å uttrykke følelsar. Det du skal ha med til timen: Instruksjonar for lærar - Følelsar 1. trinn NN (PDF, 283 kB) eller Instruksjoner for lærer - Følelser 1. trinn BM (PDF, 321 kB) Teikne følelsar (PDF, 176 kB) på eller ei skrive/teiknebok til Livet&Sånn timane Evt ein bamse til eine oppgåva Husk også å lese her om kva vi vaksne kan gjere for å hjelpe elevane med deira følelsar. Og send lenka til heimane slik at dei har moglegheit til å følgje opp arbeidet. Kompetansemål Overordna del: «Aktuelle områder innenfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevaner, seksualitet og kjønn, rusmidler, mediebruk, og forbruk og personlig økonomi. Verdivalg og betydningen av mening i livet, mellommenneskelige relasjoner, å kunne sette grenser og respektere andres, og å kunne håndtere tanker, følelser og relasjoner hører også hjemme under dette temaet.» Samfunnsfag: - samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast Norsk:- samtale om og beskrive hvordan ord vi bruker, kan påvirke andre KRLE: - sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer Teikne følelsar! FØLELSER | Øisteins blyant og Kreftforeningen Føl musikken Supersonen! Geparden, Skilpadden og Supersonen! (Toleransevinduet for barn) frå RVTS Vest Sjå bilde frå filmen om snakk om den saman! Illustrasjonane under er eigd av RVTS Vest ved Dag Ø. Nordanger og Hanne C. Braarud og delt etter løyve. Av og til blir supersonen veldig smal, og Gepardsonen blir veldig stor! Kva er lurt for å hjelpe vanskelege tankar og følelsar? Når vi er i Supersonen kan vi leike og lære. Kva følelsar er dette? Korleis kan vi fortelle andre kva vi føler? Følelsar på engelsk: Emotions (Feelings) Song - ChuChu TV Nursery Rhymes & Kids Songs Kva heiter følelsane på engelsk? Sist endra 21.11.2024 09.18