I aktivitet! Til læraren Juni er tradisjonelt ei tid der skulane er mykje ute og i aktivitet med elevane. Vi lagar difor ikkje ulike opplegg for alle 7 trinna. Det er fint om alle elevane får sett filmen vår om aktivitet. Og at dei får sjansen til å reflektere over eigen aktivitet etter denne. Elles ligg her nokre filmar om aktivitet med oppgåver til, men det viktigaste er at de er aktive saman med elevane. Dersom været tilseier at de er mest inne så ligg her nokre filmar å vere aktive til. I tillegg ligg her link til leikehefter med mange idear til aktivitet. Men gjer gjerne heller dei aktivitetane de brukar å gjere med elevar i juni! Om de vil ha ein Livet&Sånn -time inne kan de bruke dette oppsettet: Instruksjonar for lærar - Aktivitet 5.-7. trinn (PDF, 187 kB) Oppgåve aktivitetskartlegging (PDF, 46 kB) Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: gjøre rede for noen av kroppens organsystemer og beskrive hvordan systemene virker sammen (naturfag) utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar (kroppsøving) øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre (kroppsøving) forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre (kroppsøving) reflektere over eigne naturopplevingar (kroppsøving) Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Kva betyr det at vi treng balanse mellom kor mykje vi brukar kroppen og kor mykje vi brukar hjernen? Huskar du kva dei sa i filmen om signalstoff og koplingar mellom desse når vi er fysisk aktive? Silje Jin Yksnøy Når vi er lite aktive kan vi få spenningar i kroppen som kjennes som den har låst seg litt. Fysisk aktivitet kan låse opp desse spenningane. Kvifor kan det likevel vere så tungt å kome i gang med fysisk aktivitet? CGI Animated Short Film: "Mind Games" by Jiaqi Emily Yan | CGMeetup Oppgåve aktivitetskartlegging (PDF, 46 kB) Filmar de kan vere aktive til inne i klasserommet: Brain Breaks - Action Songs for Children - Move and Freeze - Kids Songs by The Learning Station KIDZ BOP Kids - Levitating (Dance Along) Learn How To Dance To: TAKE FLIGHT! | Mini Pop Kids Just Dance 2019: Shaky Shaky by Daddy Yankee - Official Track Gameplay io.kommune.no/tjenester/skole-og-utdanning/robuste-barn/lekehefte/ Sist endra 22.08.2024 08.57