Mangfald og innanforskap er eit sårbart tema fordi det i stor grad handlar om oss vaksne og kva haldningar og verdiar vi overfører til våre barn. Måten vi snakkar om andre på i bilen, ved middagsbordet, når vi er irritert på naboen, kven vi sjølve søker vennskap med og kven som får vere med heim, kva vi ser på som underhaldning, kva som får oss til å engasjere oss. Alt dette og meir, er ting barna våre legg merke til, og umedvite lagrar som haldningar og verdiar medan dei veks opp.
Vil vi at barna våre skal opplevast av andre som rause, snille, gode menneske – som respekterer andre og bidrar til at alle kan ha det trygt og godt saman? Ja då må vi rett og slett vere slik sjølve. Ikkje berre i det vi seier direkte til barna våre i samtalar, men i våre eigne haldningar og verdiar, og korleis desse kjem til uttrykk i alt vi gjer i kvardagen. Er vi villege til det? Vi er vokst opp i ei anna tid. Vi er sjølve forma av våre foreldre. Når reflekterte du sist over kva verdiar og haldningar du gjerne vil overføre til dine barn? De som er foreldre til same barn kan gjerne prate litt saman om desse spørsmåla.
Det er i dei små handlingane, og orda i kvardagen, vi kan gjere mest for at alle skal oppleve seg innanfor. Vi veit at utanforskap kan vere farlig og vi bør gjere det vi kan for å bidra til at barna våre vekst opp i inkluderande miljø der alle kjenner at dei høyrer til. Dette er dei miljøa som vil vere tryggast for barna våre å vekse opp i.
Kva blyant har hudfarge eigentleg? Kva er jente- og guteklede? Er kjønn viktig, eller er det andre kvalitetar som betyr mykje meir for korleis vi vurderer kvarandre som menneske?
Reflekter over kvar er ditt/dine barn i mangfaldet av ulike menneske. Det er så mange måtar å vere ulike på. Kva treng ditt barn for å kjenne tilhørsle? Er det noko barnet treng hjelp med? Mange barn treng hjelp og støtte til å akseptere seg sjølv akkurat slik dei er.