Trygg i meg sjølv Til læraren Livet&Sånn sitt materiale for Trygg i august er litt annleis enn resten av året. Skuledelen av august er kort, og det viktigaste i oppstarten er å etablere ei trygg klasse med trygge elevar. Innhaldet du finn under her, kan brukast i ein konkret Livet&Sånn-time, men det kan også brukast litt kvar dag desse første vekene. Målet er å etablere eit felles språk for det å ha det trygt og godt saman på skulen, og at elevane skal vite kva dei kan gjere om dei er utrygge, og kva dei kan gjere for å vere med å lage skulen trygg for seg sjølv og alle andre.Forklaringar og meir innhald ligg her: Instruksjonar for lærar - Trygg 6. trinn NN (PDF, 207 kB) eller Instruksjoner for lærer - Trygg 6. trinn BM (PDF, 224 kB) Kompetansemål I temaet Trygg har vi lagt vekt på å etablere trygge klasserom og trygge elevar i starten av nytt skuleår. I generell del av læreplanen står det «Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling. Kjenner elevane seg utrygge, kan det hemme læringa. Trygge læringsmiljø blir utvikla og haldne ved lag av tydelege og omsorgsfulle vaksne, i samarbeid med elevane.» Elevane si rett til trygge læringsmiljø er også nemnt spesifikt i opplæringslova § 9 A-2. Retten til eit trygt og godt skulemiljø «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.» Dette er såleis ikkje primært retta mot konkrete kompetansemål, men handlar om det trygge miljøet som må etablerast for at elevane skal kunne nå kompetansemål i alle fag. Først må ein vere trygg, så kan ein lære. Denne timen handlar ein del om identitet. I samfunnsfag står det at elevane skal kunne "reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne" Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Illustrasjonar av Pil Ulheim Kva gjer det tryggare å vere oss sjølve?One & Only Me (Lyric Video) frå OneMoreSong Fadderklasse? Fadderklasse - sjå film og svar på spørsmål: UNICEF - Klasse 6B, Vennskap frå Cynergi Film og TV • Kva opplevde Camilla og korleis kjentest det for ho? • Kva burde ho ha gjort? • Kva burde dei andre ha gjort? • Kva er ein god venn? • Korleis kan ein god fadder vere? • Er det ok å seie nei? Frosketid?Gjer øvinga: trygg-stad.pdf (livetogsann.no) Sist endra 20.06.2025 11.02