Trygg på skolenNår elevar kjenner seg trygge har dei betre utgangspunkt for læring og utvikling. Kva kan vere viktig å jobbe med på skolen for at elevar skal kjenne seg trygge? Eg kjenner meg trygg på skolen når (PDF, 154 kB) kan brukast til refleksjon for lærarar for å vurdere kva de gjer for at elevar skal kjenne seg trygge. Snakk gjerne saman i mindre grupper! Er det til dømes grep de bør gjere i friminutta for at alle skal ha det bra?De kan også bruke arket som utgangspunkt for samtale med elevar og foreldre når nokon er utrygge. Til dømes kan det vere fint å bruke dette om eleven viser teikn som høgt fråvær, mykje plager med smerter utan tydeleg årsak, eller om eleven har angst.Kryss av eller bruk grønn/oransje/raud for å markere kva eleven opplever stemmer og ikkje. Slik kan ein sjå kva vaksne kan forsøke å gjere annleis for at eleven skal kunne få det betre på skolen.Sjå også Trygg i klassa for tilsvarande ark om skolemiljøet. Sist endra 21.11.2024 10.59