Mange ungdommar opplever mykje stress, og dessverre ofte i forbindelse med skolearbeid og vurderingar. Stress er ikkje berre negativt. Vi treng ein viss grad av stress for å utvikle oss og halde oss i gang. Når det blir for mykje er det verken sunt eller utviklande lenger, så det gjeld å finne ein balanse som passar den enkelte.
Langvarig stress kan føre med seg mange helseplagar, og det kan vere nyttig for elevane å forstå meir av sitt eige stress, og kva som er deira signal på stress. Gjennom denne timen blir dei meir medvitne kva som skaper stress, korleis dei kan kjenne eigne stress-signal og kva som er lurt å gjere når det blir for mykje stress i kvardagen.
I oppgåva der dei skal teikne stress-symptom vil du sjå stor variasjon i klassa. Nokre slit med å finne nokon – og kanskje er dei rett og slett så heldige? Andre lagar arket fullt og supplerer med langt fleire enn dei som er foreslått. Desse bør du fange opp, og prøve å få sjekka ut om dette er noko dei har snakka med nokon om. Oppmuntre dei til å snakke med foreldre, helsesjukepleiar eller andre. Kanskje vil dei også trenge hjelp til å redusere stressbelastningar ei periode?
Ta med til timen: