Ungdomstida kan for mange bli ei tid med mykje konfliktar. Det å lausrive seg frå å vere avhengig av sine nære vaksne, er jo noko av det ungdommen skal, og for mange kan det føre til høg temperatur både heime og på skolen. Umoden frontallappfunksjon gjer at dei ikkje klarer å vurdere konsekvensane av ord og handling like godt som dei vil seinare. Og ungdomshjernen generelt kan vere lite god på å behalde roa og oversikta i vanskelege situasjonar.
Difor kan det vere fint for ungdommane å lære litt om konfliktar og konflikthandtering. Det at dei har lært det, treng sjølvsagt ikkje å bety at dei klarer å bruke det etterpå – så påminning, hjelp og repetisjon kan også vere lurt.
Ta med: