Hjelp utrygge elevar

Når elevar er trygge har dei mykje betre føresetnad for å fungere godt og lære godt på skolen. Vi har difor laga to ark de vaksne kan bruke som eigen sjekkliste for at elevar skal kjenne seg trygge på skolen og i klassa. Bruk dei gjerne til refleksjon i mindre grupper. Er det noko de ser at de bør jobbe meir med?

  • Eg kjenner meg trygg i klassa når, sjå pdf - Klikk for stort bilete
  •  

    Eg kjenner meg trygg i klassa når  (PDF, 244 kB)

    kan også brukast i samtalar med elevar som viser teikn på å kjenne seg utrygg  i klassa.

    Det kan vere elevar med høgt skolefråver, elevar med smerteplager utan kjent årsak, eller elevar med angst.

    Marker med å krysse av, eller med å farge grønn/oransje/raud, for å synleggjere kva som fungerer godt og kva som bør jobbast med for at eleven skal få det betre på skolen og i klassa.

  • Eg kjenner meg trygg på skolen når - sjå pdf - Klikk for stort bilete
  • Eg kjenner meg trygg på skolen når (PDF, 154 kB) kan brukast i samtalar med elevar som viser teikn på å kjenne seg utrygg på skolen.

    Det kan vere elevar med høgt skolefråver, elevar med smerteplager utan kjent årsak, eller elevar med angst. 

    Marker med å krysse av, eller med å farge grønn/oransje/raud, for å synleggjere kva som fungerer godt og kva som bør jobbast med for at eleven skal få det betre på skolen og i klassa.

Sjå også verktøya og filmane som ligg i tiltakspakke skolefravær for fleire verktøy!