For de voksne

Som vaksne med ulike roller i skolen kan vi ofte oppleve å både sjå ulike ting og vurdere det vi ser ulikt. Her finn du informasjon om ulike verktøy de kan bruke for å få meir informasjon om korleis elevane har det saman på skolen. Slike verktøy kan gjere det enklare å analysere situasjonen, og finne ut kva som er lurt å gjere vidare.

 

Illustrasjon av punkta i aktivitetsplikta forma som et hjul med piler fra følge med, til gripe inn, til melde fra, til undersøke, til tiltak/rette opp. - Klikk for stort bilete

 

Dette hjulet viser gangen i aktivitetsplikta. 

Verktøya vi har delt under her kan både brukast som ein del av plikta til å følge med, men også som ein del av undersøkinga for å finne ut kva tiltak som kan vere smarte for å rette opp situasjonen.

Vurdering av sosiale gruppedynamikker

Verktøyet Vurdering av sosiale gruppedynamikker (PDF, 92 kB) kan brukast av dei ulike lærarane som kjenner klassa/gruppa. Kvar fyller ut dette ut i frå korleis ein sjølv opplever det, og så samanliknar de og snakkar om det etterpå.  Dersom de oppdagar at ei gruppe/klasse viser mykje skadeleg gruppedynamikk må dette meldast slik at de kan undersøke, analysere og sette inn tiltak. Positive tiltak som fellesskapande undervisning kan startast med ein gong.

I denne filmen forklarer Selma Therese Lyng korleis slike sosiale gruppedynamikker virkar,  skjemaet blir introdusert som oppgåve, og mobbeombod Kristin Øksenvåg forklarer kva som ligg i plikta til å følge med.

 

Sosiogram

Livet&Sånn har ikkje laga verktøy for å gjennomføre sosiogram, men mange skolar har kjøpt lisensar for å gjennomføre slike undersøkingar digitalt. Det viktige er at når ein har gjennomført slike undersøkingar så må informasjonen ein har fått analyserast for at det skal bli nyttig for oss. I denne filmen går vi igjennom eit case og viser korleis dei brukar sosiogram, og analyserer dette, for å finne ut kva ein kan gjere vidare.

 

Vurdering av tryggheit

Livet&Sånn har laga svært mykje materiell om det å kjenne seg trygg. Både fordi elevar har rett til å kjenne seg trygge, fordi det er avgjerande for trivsel og læring, men også fordi tryggheit kan vere så mykje forskjellig. Det som kjennes trygt for mange, treng ikkje kjennes trygt for alle. Ei klasse der “alle” kjenner seg trygge, kan likevel vere utrygg for ein eller fleire. For desse elevane kan det vere fint om vi klarer å finne ut kva som gjer det utrygt, og kva vi kan gjere med det. For verktøy til å jobbe med dette kan de både sjå Hjelp utrygge elevar  og dei to verktøya som ligg der. De kan bruke Fire typar tryggheit - skjema å fylle ut (PDF, 109 kB) ved hjelp av Fire typar tryggheit - rettleiing til skjema (PDF, 113 kB)

De kan også bruke verktøya som høyrer til tiltakspakke skolefråvær: