Om personalkursa frå Livet&Sånn
Når målet er å styrke og fremme barn og unge si psykiske helse er det minst like viktig for skolar å jobbe med korleis vi vaksne møter barn og unge i kvardagen, som å lære elevane om folkehelse og livsmeistring.
Barn og unge verken kan eller skal meistre livet aleine. Dei skal lære å meistre liva sine saman med sine nære vaksne, både heime og på skolen. Difor er det fint om skolane brukar 20 minutt kvar månad til eit mini-personalkurs for å få fullt utbytte av Livet&Sånn som ressurs for god psykisk helse.
Sjå to minutt film om personalkursa:
Frå 11:10 - 13:20 i filmen under, fortel Anne-Hilde om dei 11 filmane Livet&Sånn har laga for å gi vaksne på skolen og heime eit felles språk og ein felles forståing for korleis ein kan møte barn og unge på måtar som styrkar deira psykiske helse:
Som forklart i filmen har Livet&Sånn tatt høgde for at tilsette i skolane har svært lite felles tid i personalgruppa til å jobbe med kompetanseheving i løpet av arbeidsåret. Difor er personalkursa frå Livet&Sånn svært korte. Dei fleste kan fint gjennomførast på 20 minutt. Dei kan brukast individuelt, i team eller i full personalgruppe.
I denne kronikken kan du lese meir om kvifor det er viktig å bruke desse:
I tillegg til disse personalkursa anbefaler vi at de vurderar å ta i bruk snakkemedbarn.no – Øv deg på samtaler med barn og unge frå RVTS.
Sist endra 01.07.2025 15.30