Kva blir annleis i ein familie når barna blir ungdommar? Korleis påverkar ungdomstida familien og korleis ein har det saman i familien?
Elevane er på veg frå barn til ungdom. Ungdomstid og pubertet fører med seg store endringar. Ikkje berre kroppsleg utvikling og modning, men også ei omfattande indre utvikling i identitet og auka behov for sjølvstende. Venner blir enno viktigare enn tidlegare, men familien er framleis viktig.
Det kan fort bli mykje krangling og konfliktar i ungdomsfamilien. Vi har difor inkludert litt rollespeløving der dei får trene på ulike familieferdigheiter. Desse skal også brukast på foreldremøter som kjem etterkvart, og dei skal brukast på ungdomstrinnet. Vi har valt å ha desse på papir som blir bretta som brosjyrer i staden for å brukast digitalt. Kor mange du bør printe ut avheng av korleis du vel å bruke øvinga.
Det du må ta med til denne timen er:
Husk også å sjå Familie – for vaksne og sende lenke til heimane slik at dei også får ta del i Livet&Sånn
I løpet av familie-teamet kan de gjerne også bruke økta om barnevernet fra Jegvet.no: Hva er barnevernet? / 5.-7. trinn / Jeg vet eller om retten til å vere seg sjølv Rett til å være deg / 5.-7. trinn / Jeg vet