8. - 10. trinnHer finn du opplæringsmaterialet frå opprinnelege livetogsånn.no. Livet&Sånn for ungdomstrinnet vart laga av Ålesund kommune i perioden 2017-2020 i prosjektet "Kurs i psykisk helse". Dette prosjektet var støtta av Stiftelsen DAM (då ExtraStiftelsen) med Mental Helse som søkarorganisasjon.I dette prosjektet var det ulike helse - og sosialfaglege fagfolk som underviste elevane, eventuelt saman med lærarane, i eit kurs over 6 skuletimar på 8. eller 9. trinn. Ungdomsskulane i Ålesund skal bruke dette materialet også skuleåret 20/21 i samarbeid med helsesjukepleiar på skulen.I løpet av dette skuleåret skal materialet til ungdom vidareutviklast slik at det liknar meir på materialet til 1.-7. trinn i oppbygging. Ungdomstrinnet vil få eigne temaer for kvar månad. Materialet vert klart i løpet av våren 21. Frå skuleåret 21/22 vil lærarane sjølve bruke dette nye materialet med elevane sine, og kan framleis samarbeide tett med helsesjukepleiarane i delar av det.Har du spørsmål, tankar og idear til det nye materialet for ungdom?Ta kontakt med prosjektleiar Anne-Hilde Lystad Sist endret10.08.2020 11.14