Følelsen glad, eller glede, er ein av våre universelle grunnfølelsar. Det betyr at ein kan sjå følelsen hos menneske i alle aldrar og alle stadar i verda. Når vi er glade er det som regel fordi det har skjedd noko positivt. Noko vi syns er gøy eller morosamt, noko bra som er viktig for oss. Det kan typisk vere at vi endeleg skal få delta på noko vi har sett fram til, at vi treff igjen nokon vi har sakna, eller at vi deltek i ein aktivitet vi likar saman med gode vennar.
Glede kan ofte kjennast lett i kroppen og i tankane, og den fører ofte med seg eit fråvær av andre negative følelsar. Glede kan kjennast på mange ulike måtar. For nokon kan det sprudle litt i kroppen og ein kan få lyst til å hoppe eller danse. Av og til vil vi berre smile og le eller synge høgt. Andre gongar er glede ein meir roleg følelse, der vi ikkje føler behov for å uttrykke den så mykje til andre. Av og til vil vi helst kjenne på gleda aleine.
Glede kan i første omgang oppfattast litt som ein ukomplisert følelse, og i mange tilfelle stemmer kanskje dette. Samtidig kan det til dømes gjere veldig vondt dersom du er glad, og andre viktige personar ikkje gjengjelder gleda. Eller viss du ikkje får forståing for kvifor du er så glad. Andre gongar kan vi sjølve vere raske med å legge band på gledesfølelsen, fordi det kan kjennast sårbart å vere glad. Det høyrest kanskje rart ut, men er likevel eit veldig vanleg fenomen. Kva om det skjer noko som gjer at vi mistar det som gjer oss glade? Mange kan då tenke at det er best å ikkje føle så mykje, eller senke forventningane slik at ein unngår å bli skuffa.
Korleis kan du som vaksne støtte eit barn som føler glede?
Barn som er glade har også nytte av å bli sett, høyrt og validert. Det kan vere lett for oss å gløyme i kvardagen når vi stressar med alt vårt, og dei er glade og fornøgde i leik og ikkje vil høyre på oss. Det kan vere lettare for barnet å avslutte leiken, og så gjere det vi ber dei om, om vi først tonar oss inn, smilar stort og seier med glad stemme: «Å så fint å sjå kor gøy du har det no! Det er så bra du likar å halde på med dette!» Eller «Eg blir så glad av å sjå på deg når du har det så fint i leiken!» Det å legge merke til glede, sette ord på den og dele den, kan gi meir glede i kvardagen for store og små.