Ungdom og psykisk helse i koronatid

Ungdom og psykisk helse i koronatid

 

 

Kva veit vi om korleis det er å vere ungdom i Noreg no i koronatida? 


Start med å sjå landets mest spelte pandemilåt

TIX - Karantene (Musikkvideo)

Snakk saman to og to om spørsmålet:


Kva er de bekymra for at pandemien har ført til for korleis ungdom har det med tankar og følelsar?

 

 

Psykisk helse handlar om korleis vi har det med tankar og følelsar i kvardagen. Snakk litt saman i klassa om kva som har vore skrive om ungdom og psykisk helse i pandemien i media siste tida. Har dei sjølve fått med seg noko om dette? Kva inntrykk har dei om korleis pandemien har påverka ungdom?

 

Vis elevane overskrifter og innhaldslister i desse lenkene for å vise at mange er bekymra for at ungdom har fått det verre med psykisk helse i løpet av denne perioden:

Uten filter_Undom i Norge om koronatiltak_lavoppløst.pdf (unicef.no)

ps_risikoopplevelsekorona_aug2020.pdf (uib.no)

Konsekvenser av covid-19 på barn og unges liv og helse (fhi.no)

 

 

Denne filmen vart laga til ungdom i starten på pandemien for å anerkjenne at det er normalt å kjenne seg aleine og isolert, og tips til kva som var lurt å gjere:

Does #SocialDistancing​ have you feeling isolated? frå AMAZE Org

Dette var nok gode, kloke råd i april 2020– men situasjonen har vart så lenge, og då dukkar det opp andre og fleire utfordringar for ungdom. Gode råd er ikkje lenger nok.

 

Kva seier ungdom sjølv om dette?

Vis elevane rapporten frå Voksne for barn der elevar på ungdomstrinnet og vidaregåande har sagt noko om korleis dei vert prega av situasjonen: PDF-1-meteren-gjør-alle-tristere.pdf (vfb.no)

La elevane gjerne sjå på rapporten på eigne skjermar medan dei snakkar saman om det dei ser, eller sjå på den i fellesskap.

 

FØR - NO - ETTER

Elevane jobbar i grupper på 2-5 for å bli medvitne desse spørsmåla:

  • Kva frå tida før pandemi saknar du?
  • Kva frå tida før pandemien saknar du ikkje?
  • Kva i tida no er eigentleg litt fint?
  • Kva i tida no er absolutt ikkje fint?
  • Kva ønskjer har du for tida etter pandemien/kva gleder du deg til?
  • Er det noko vi har lært i tida før pandemi, og under pandemi som vi bør huske på/forandre når pandemien er over?

Print ut og ta med eit slikt ark (PDF, 196 kB) til kvar gruppe slik at elevane kan fylle det ut saman. 

Evt kan du lage dette som ulike stasjonar rundt i klasserommet. Bruk då eit ark til kvart spørsmål (PDF, 202 kB).  

 

Kva kan ein gjere når følelsar gjer vondt – til dømes no under pandemien?

Sjå ein av, eller begge, filmane under som handlar om kva ein kan gjere når følelsar gjer vondt:

 

 

La elevane jobbe med følelsar i pandemien:

Elevane jobber i grupper eller rundt på stasjonar for å finne ut korleis ulike følelsar vert aktivert av pandemien:

 Print ut desse A3-arka (PDF, 855 kB) og legg dei på ulike stasjonar i rommet

 

Sjå gjerne denne etter øvinga:

Coronavirus | Dealing with anxiety & mental health during a pandemic frå Babylon Health

Vil de prøve ulike pusteøvingar som kan hjelpe ved stress og vonde følelsar? 

 

Kven kan ungdom kontakte ved behov?

Dersom mogleg er det fint å snakke med foreldre, familie, lærar, helsesjukepleiar eller andre du kjenner om korleis du har det. Men ungdom kan også ta kontakt med desse:

  • Hjelpetelefonen 116 123 Mental Helses gratis døgnåpne telefontjeneste for alle som trenger noen å snakke med
  • Sidetmedord.no Mental Helses chattetjeneste
  • Alarmtelefonen 116 111 For barn og unge som blir utsatt for omsorgssvikt, vold og overgrep.
  • Røde Kors-telefonen for barn og ungdom: 800 33 321 For barn og unge som trenger noen å snakke med
  • Anonym chat BarSnakk: barnavrus.no For barn og unge som har foreldre med rusproblemer

 

 

Oppgåver for djupnelæring?

Elevane kan jobbe vidare med dette temaet tverrfagleg ved at dei får velje ei av desse oppgåvene. Dei kan jobbe individuelt eller i grupper:

  • Skriv ei lita tekst om ungdom og psykisk helse under pandemien. Teksta kan vere eit innlegg til Si-D eller ei anna avis, ein fagtekst som tek utgangspunkt i lenkene om forsking, ei humoristisk tekst om kor gale det har blitt, ei historie om ein ungdom som har det vondt på grunn av pandemien, eller ei analyse av ein aktuell musikkvideo/song frå pandemitida.
  • Lag ein podcast om å vere ungdom i pandemien – gjerne på engelsk
  • Lag ein video, eller eit utkast til ein tiktok-film som er meint å skulle vere til hjelp for ungdom si psykiske helse i pandemien. Sjå gjerne @PsyktDeg for inspirasjon

  • Lag eit forslag til ei spørjeundersøking om kva ungdom gjer for å ha det best mogleg under pandemien. Korleis må ei slik undersøking vere utforma for at den kan vere lovleg å gjennomføre med tanke på personvern? Kva informasjon ønskjer ein å få inn gjennom ei slik undersøking? Kva kan ein bruke informasjonen til?
Til toppen