9. trinn: Kvar går grensa no? Til deg som arrangerer møtet Temamøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med møte ein elles skal ha med heimane i løpet av året. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt til saman. Om de kombinerer med informasjonsmøte så er det lurt å bruke dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Alternativt kan de invitere alle heimane på trinnet til felles tema-kveld. Skriv ut og ta med Instruksjonsark for møteleiar (PDF, 184 kB) for å vite korleis du skal bruke innhaldet i møtet! Vurder om du vil skrive ut brosjyrene i den grå boksa med familieferdigheiter Rolla di i møtet: Vi har lagt opp til at lærar/møteleiar skal lede, men ikkje vere forelesar eller ekspert. De ser filmane saman, og foreldra får snakke med kvarandre i mindre grupper. Vi har i liten grad lagt opp til at de oppsummerer saman etter gruppene har snakka. Erfaringa vår tilseier at prosessane i mindre grupper oftast er god, men at plenumsdrøft kan bli komplisert når den som har laga opplegget ikkje er sjølv er der. Om det likevel skulle dukke opp spørsmål du ikkje kan svare på så vis til den grå boksa «Til heimane etter møtet» og sei at det også er mogleg å sende e-post direkte til Livet&Sånn. Spørsmål som handlar om konkrete barn kan til dømes drøftast med helsesjukepleiar på skolen. Gode rammer for møtet Ta gjerne i mot foreldra i døra og ønsk velkomen. Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjå Om de skal kombinere møtet med val av FAU-representant, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg oppfordring, og de unngår ugrei stemning om ingen vil melde seg. Til heimane Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire som har omsorg for ungdomen din også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime? Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet: Sjå filmen Grensesetting som fremmer god utvikling - YouTube igjen og reflekter over/snakk saman om korleis de set grenser for ungdomen heime. Er de dei rollemodellane de ønskjer å vere for ungdomen? Har de strategiar for å sjekke og justere tilstand før de snakkar om ting som er vanskeleg? Sjå gjerne fleire av filmane Livet&Sånn har laga til foreldre, eller bruk brosjyrane for familieferdigheitene som ligg nedst på sida. Sjå på bildet av ulike årsaker til at ungdom brukar rus, og kva behov dei har frå sine vaksne. Er din ungdom i nokon av desse kategoriane? Korleis kan de ha ein god samtale om rus med ungdomen heime? Kjem ungdomen til å kontakte deg for hjelp ved behov? Kva skal til for at de skal ha tillit til kvarandre i tida som kjem? Her kan du lære meir om temaet Generelt for foreldre til ungdommar: Ungdom (bufdir.no) Grensesetting i ungdomsfamilien: Ungdom, seksualitet og grenser | Foreldrehverdag - YouTube Hvordan hjelpe ungdom til å ha det bra? | Foreldrehverdag - YouTube Utfordringer for tenåringsforeldre. Psykologspesialist Bjørn Brunborg - YouTube Ungdom og rus: Til deg med barn på ungdomskolen. Om foreldre, barn og alkohol. - YouTube Rus – Sesong 1 – NRK TV Av-og-til - Vi jobber for godt alkovett - Av-og-til (avogtil.no) Vær kjip i tide - Drikkelek - YouTube Ungdom og alkohol - Råd til foreldre - YouTube Råd til foreldre (rusopplysningen.no) Råd til foreldre | Ivareta - for alle pårørende berørt av rusIvareta Gode råd til deg med en tenåring i huset - Rusinfo ROGA 0011 sg foreldrebrosjyre_16sider 150615.pdf (korus-stavanger.no) Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg. «Du først» | Ungdom og foreldre snakker om rus | Foreldrehverdag, Bufdir Øv på viktige ferdigheiter i ungdomsfamilien LøyseKonflikt (PDF, 260 kB) ReparereRelasjon (PDF, 298 kB) Sinnekontroll (PDF, 304 kB) SnakkeViktig (PDF, 280 kB) SettePrisPå (PDF, 252 kB) Sist endra 17.01.2023 12.23