10. trinn: Du er framleis viktig! Til deg som arrangerer møtet Temamøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med møte ein elles skal ha med heimane i løpet av året. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt til saman. Om de kombinerer med informasjonsmøte så er det lurt å bruke dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Alternativt kan de invitere alle heimane på trinnet til felles tema-kveld.Skriv ut og ta med Instruksjonsark for møteleiar (PDF, 176 kB) for å vite korleis du skal bruke innhaldet i møtet!Vurder om du vil skrive ut brosjyrene i den grå boksa med familieferdigheiterKjem det foreldre som enno ikkje kan norsk? Her finn du engelske oversettingar av innhaldet i filmar som du kan oversette til ønska språk gjennom google translate eller liknande.Rolla di i møtet:Vi har lagt opp til at lærar/møteleiar skal lede, men ikkje vere forelesar eller ekspert. De ser filmane saman, og foreldra får snakke med kvarandre i mindre grupper. Vi har i liten grad lagt opp til at de oppsummerer saman etter gruppene har snakka. Erfaringa vår tilseier at prosessane i mindre grupper oftast er god, men at plenumsdrøft kan bli komplisert når den som har laga opplegget ikkje er sjølv er der. Om det likevel skulle dukke opp spørsmål du ikkje kan svare på så vis til den grå boksa «Til heimane etter møtet» og sei at det også er mogleg å sende e-post direkte til Livet&Sånn. Spørsmål som handlar om konkrete barn kan til dømes drøftast med helsesjukepleiar på skolen.Gode rammer for møtetTa gjerne i mot foreldra i døra og ønsk velkomen.Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjåOm de skal kombinere møtet med val av FAU-representant, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg oppfordring, og de unngår ugrei stemning om ingen vil melde seg. Til heimane Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime? Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet I filmen Sårbar og robust, med god sjølvfølelse - YouTube snakkar dei om korleis sjølvfølelse kan bli prega av korleis andre har snakka til deg i oppveksten. Som foreldre til ungdom kan vi då både reflektere over korleis vi vart møtt som unge – og korleis det prega oss, men også korleis vi som foreldre har prega sjølvfølelsen til våre ungdomar. Å vere foreldre er langt frå lett, og mange av oss har sagt og gjort mykje vi angrar på i barna våre sin oppvekst. Det er viktig å vite at det ikkje er for seint å endre det no. Kan vi bli betre på å bruke setningar som styrkar kvarandre sin sjølvfølelse? Kan vi heie på prosess meir enn resultat? Kan vi vise kvarandre at vi set pris på kvarandre i kvardagen? Bør vi justere forventningane våre til kvarandre slik at det ikkje blir så lett å skuffe seg sjølv og andre? Er det nokon av råda frå ungdom i den andre filmen de har lyst å lytte til og bli betre på? Sjå den gjerne saman med ungdommen i heimen og snakk saman om dette. Her kan du lære meir om temaet Ungdom (bufdir.no) Er du usikker på hvor mye du kan pushe barnet ditt, til det som oppleves skummelt eller kjedelig? - Foreldrelandsbyen Slik hjelper du ungdommen med å få bedre selvfølelse (psykologisk.no) Selvfølelse og selvtillit hos ungdom | Foreldrehverdag - YouTube Hva er selvfølelse? - YouTube Øv på viktige ferdigheiter i ungdomsfamilien På nynorsk:LøyseKonflikt (PDF, 260 kB)ReparereRelasjon (PDF, 298 kB)Sinnekontroll (PDF, 304 kB)SnakkeViktig (PDF, 280 kB)SettePrisPå (PDF, 252 kB) På bokmål:Bokmål-ReparereRelasjon (PDF, 359 kB)Bokmål-SettePrisPå (PDF, 246 kB)BokmålSnakkeViktig (PDF, 318 kB)Bokmål-LøseKonflikt (PDF, 364 kB)Bokmål-Sinnekontroll (PDF, 335 kB) Skriv ut og brett som brosjyrar. Sist endra 22.08.2024 08.48