6. trinn: Ny alder nytt trøkk i følelsane Til deg som arrangerer møtet Temamøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med møte ein elles skal ha med heimane i løpet av året. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt til saman. Om de kombinerer med informasjonsmøte så er det lurt å bruke dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Alternativt kan de invitere alle heimane på trinnet til felles tema-kveld.Skriv ut og ta med Instruksjonsark for møteleiar (PDF, 164 kB) for å vite korleis du skal bruke innhaldet i møtet!Kjem det foreldre som enno ikkje kan norsk? Her finn du engelske oversettingar av innhaldet i filmar som du kan oversette til ønska språk gjennom google translate eller liknande.Rolla di i møtet:Vi har lagt opp til at lærar/møteleiar skal lede, men ikkje vere forelesar eller ekspert. De ser filmane saman, og foreldra får snakke med kvarandre i mindre grupper. Vi har i liten grad lagt opp til at de oppsummerer saman etter gruppene har snakka. Erfaringa vår tilseier at prosessane i mindre grupper oftast er god, men at plenumsdrøft kan bli komplisert når den som har laga opplegget ikkje er sjølv er der. Om det likevel skulle dukke opp spørsmål du ikkje kan svare på så vis til den grå boksa «Til heimane etter møtet» og sei at det også er mogleg å sende e-post direkte til Livet&Sånn. Spørsmål som handlar om konkrete barn kan til dømes drøftast med helsesjukepleiar på skolen.Gode rammer for møtetTa gjerne i mot foreldra i døra og ønsk velkomen.Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjåOm de skal kombinere møtet med val av FAU-representant, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg oppfordring, og de unngår ugrei stemning om ingen vil melde seg. Til heimane Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime? Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet Filmen «Toleransevinduet – sjekk og juster tilstand» forklarer ein modell som viser at aktiveringsnivået vårt kan vere passeleg for det vi skal gjere, men det kan også vere for lavt eller for høgt. Når vi skal vere saman med barn og få til ting i lag, er det viktig at vi er innanfor toleransevinduet vårt. Det kan vere nyttig å reflektere litt sjølv: Kva kan få deg til å bikke ut av toleransevinduet ditt? Er det tider på dagen der du er meir sårbar for å hamne ned i blått eller opp i raudt? Kva kan hjelpe deg inn att i toleransevinduet ditt når dette skjer? For å oppdage at vi er i ferd med å bikke opp i raudt nivå kan det vere lurt å oppdage faresignal: kva signal (pust, puls, temperatur, spenningar i kroppen, volum på stemma eller liknande) kan du legge merke til når dette skjer? Kva kan du gjere når dette skjer for å kome deg ned i grøn sone? (gå ein tur på do/vaskerommet, trekke frisk luft, lage ein kopp te/kaffi, høyre på musikk, anna?) Korleis kan de hjelpe barnet/barna i heimen inn i grøn sone frå blått eller raudt? Filmen Roe ned sinne, -så barn kan kjenne seg trygge handlar om noko som mange kan oppleve, men få er trygge på å snakke om. Om barna i familien opplever at vaksne blir mykje sinte heime er det viktig at de vaksne snakkar saman om dette, eller at du reflekterer over dette: Er vi vaksne i heimen gode nok på å roe ned sinne slik at barnet/barna kjenner seg trygge? Kva kan utløyse sinne i vår heim? Det kan vere mange årsaker til at vaksne er for sinte i møte med eigne barn; veit du/de kva som eventuelt gjer at du/de slit med sinne? Er dette noko du/de har snakka med nokon om? Korleis kan du oppdage i tide at du er i ferd med å bli sint? Kva strategiar vil du prøve for å roe ned sinne? (sjå filmen for forslag) Her kan du lære meir om temaet Skolebarn (bufdir.no) har mange tema som er relevante. Også fleire filmar du kan sjå. Her kan du lære meir om toleransevinduet: Toleransevinduet for barn - RVTS Sør (rvtssor.no) Her kan du lære meir om sinne: Sinne - Følelseskompasset (folelseskompasset.no) Littsint – Sinnemestring for foreldre Kunsten å skille mellom sinne og aggresjon i oppdragelsen av barn (psykologisk.no) Hva gjør du når du blir sinna? - YouTube Når det koker i toppen | Foreldrehverdag - YouTube Hemmeligheten bak den store følelsen med det dårlige ryktet - Foreldrelandsbyen Bruker du vold? - Dinutvei.no Sinte barn og sinte voksne - NLB Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg. Sist endra 22.08.2024 08.45