Oppdrag for friminutt - plakat og kort

Oppdrag for friminutt

Treng elevane tips og oppmuntring til å gjere enkle oppdrag som skaper gode følelsar i friminuttet?

(PDF, 6 MB)Oppdragsplakat nynorsk (PDF, 6 MB)

PlakatA3-Oppdrag_Nynorsk (PDF, 6 MB)

Oppdragsplakat bokmål (PDF, 6 MB)

PlakatA3-Oppdrag_Bokmål (PDF, 6 MB)

Oppdragskort nynorsk (PDF, 452 kB)

Oppdragskort bokmål (PDF, 453 kB)

Her er ein plakat og eit klassesett med oppdragskort. Korta kan med fordel laminerast.

Plakatane kan ein henge på klasserommet, i garderober eller på utgangsdører.

Korta kan ein bruke på ulike måtar:

  • Elevane kan trekke eit kort før friminuttet. Det er nok at dei ser på det, så kan dei legge det tilbake. Blir det med ut så slit vi dei fort ut.
  • Det er elevane sitt oppdrag som dei kan velje om dei vil gjere. Dette er ikkje noko dei må utføre.
  • Nokon oppdrag vil vere heilt feil for enkelte. La dei trekke eit anna, eller berre finne noko på plakaten som dei synes er trygt!
  • Oppdraga skal ikkje målast, vurderast eller premierast. Altså ingen stjerner for å ha vore flink å utføre oppdrag. Dette skal stimulere til at elevane sjølve skal sjå nytten i å få eit fint fellesskap – det skal ikkje handle om å skåre poeng hos dei vaksne.
  • Det er derimot heilt supert å snakke om oppdraga i klassa før og etter friminutt:
    • Korleis var det for deg å utføre oppdraget ditt?
    • Fekk du nokre hyggelige reaksjonar?
    • Har du lagt merke til om nokon andre har gjort nokon hyggelige oppdrag som blei bra for deg?
    • Har du funne deg eit favorittoppdrag?
    • Kva likar du best at andre har av oppdrag som blir positivt for deg?
    • Er det nokon oppdrag du gjerne skulle hatt lyst å få til, men synes det er litt skummelt? Kanskje dåkke kan vere to i lag og prøve neste friminutt?
Til toppen