Mobbing og skadeleg gruppedynamikk

Mobbing og skadeleg gruppedynamikk

Livet&Sånn held på å utvikle nye ressursar om mobbing og skadeleg gruppedynamikk. Det kjem både materiell å bruke med elevane, temamøte for heimane og personalkurs for dei tilsette. Dette skal ligge klart til neste skoleår. Noko av dette vil handle om å førebygge, men vi vil også lage materiell som skolane kan ta i bruk i klasse/gruppe der ein veit at dette skjer.

Under her finn du mellom anna nokre filmar de kan bruke som utgangspunkt for samtale, og lenker til gode ressursar frå andre aktørar. Meir opplegg vil kome i løpet av våren 2022. 

Sjå filmar og snakk om mobbing saman i klassa

Kvifor er det nokon som plagar andre?

Rapport: PLAGE 6-12 (2020) - Forandringsfabrikken I denne rapporten er ein fin del som heiter «hvorfor barn plager»:

  • Føler seg aleine

  • Får ikkje til skolen

  • Har det vondt heime

  • Er låst i roller

  • Har vonde følelser som må ut

  • IKKJE fordi vi har lyst

  • IKKJE fordi vi er slemme

Snakk saman om desse punkta:

  • Høres det riktig ut? Var det slik de trudde det var?

Sjølv om dei som plager andre ikkje har det så bra sjølv, må vi likevel gjere alt vi kan for at ingen skal bli plaga:

  • Kva tenker du er lurt å gjere for at alle skal ha det bra saman, og ingen skal bli plaga?

 

Tren på å oppdage og stoppe mobbing!

 

Vær ærlig om mobbing

Til toppen