Nettet 3.-4. trinn

Nettet 3.-4. trinn

Kompetansemål i samfunnsfag: eleven skal kunne samtale om reglar og normer for personvern, deling og beskyttelse av informasjon og om kva det vil seie å bruke dømmekraft i digital samhandling.

 

Vis denne både på 3. og 4. trinn. La elevane få snakke med kvarandre eit par minutt etter filmen om kva dei la merke til i denne. 

 

3. trinn: Kva er bra for oss på nett og kva er ikkje så bra?

Start med å sjå denne filmen frå Bufdir om kva barn likar å gjere på på nettet:

 

Lag ei oversikt over kva spel/apper/sider elevane kjenner og bruker på nett. Lærar skriv opp på tavle eller stort ark.

La elevane få velje 1 av desse som dei vil framheve fordi dei meiner dette er noko det er bra for dei å halde på med på nett og 1 dei meiner det er lurt å unngå å bruke. Er desse til dømes:

  • Trygg eller skummel?

  • Inkluderande eller ekskluderande (får alle som vil vere med?)

  • Lovleg for alderen eller ikkje lovleg for alderen?

  • Kva følelsar får ein når ein brukar denne?

  • Snill eller slem?

La dei elevane som vil få fortelje kva dei har valt og begrunne dette. Klassa treng ikkje vere einig eller diskutere dette. Det viktige er at elevane sjølve får reflektere over vala dei tek på nettet og høre kvarandre sine val.

 

 

Sjå denne: "Be Safe Online (Lyric Video)" frå OneMoreSong. Denne er på engelsk så snakk gjerne med elevane etterpå om kva den handla om. Kanskje vil de sette den på ein gong til å synge den saman med dei? 

 

I tillegg kan de godt finn ein populær tiktok-dans på youtube og danse denne saman i klassa. Kva gjer denne dansen til ein bra ting å gjere på nettet?

 

 

4. trinn: Personvern på nett

Start med å sjå denne filmen om personvern på nett frå Utdanningsdirektoratet:

Snakk litt saman om kva informasjon blir delt om oss på nettet og kva skjer med denne.

 

Sjå denne filmen om guten som blir sur på mora fordi ho deler bilde av han på Instagram. Filmen er på dansk frå Medieraadet, så introduser den med å fortelje kva dei skal sjå først.

Denne mammaen delte bilder av guten sin utan å spørje om lov. Kan ho det? La elevane snakke litt med kvarandre før de oppsummerer spørsmåla i klassa:

  • Har foreldre lov til å dele bilde og historier om barna sine på facebook/blogg/snap/instagram?

  • Kor gamle må barna vere for å kunne sei nei?

  • Kva om bloggen har mange følgarar og foreldra taper på å måtte slutte med det?

 

Kva er ein god huskeregel i familien om kva vi deler på nett? 

 

Sjå denne filmen frå Utdanningsdirektoratet om å dele bilder av venner: 

  • Er det lett å sei nei til å bli tatt bilde av?

  • Kva kan vere grunnar til at barn ikkje har lyst å bli tatt bilde av?

  • Kva kan skje med bilde av barn om dei blir lagt på nett?

 

Sjå «Var det DU som sendte den dritkjipe meldinga?» Utdanningsdirektoratet for å sjå kva blant anna kan skje dersom du deler bilde av andre:

 

Kva er ein god huskeregel blant barn og unge om

kva vi deler om andre på nett?

 

 

Sjå denne filmen om det vi deler om oss sjølv på nettet: «Hvordan vil DU bli sett?» Utdanningsdirektoratet

  • Kva ulike reaksjonar fekk guten med sugerør i nasen på filmen han delte?

  • Kvifor hjelper det ikkje alltid å slette bildet etterpå?

 

Kva er ein god huskeregel om det vi deler om oss sjølv på nett?

 

 

Andre ressurser de kan bruke:

Til toppen