Sint - for vaksne

Hjertehjulet for vaksne - Klikk for stort bilete

Hjertehjul med informasjon om følelsen sint. (PDF, 377 kB)

 

Sinne er ein viktig følelse. Den fortel oss at noko ikkje er bra for oss og gir kraft til å gjere det vi må for å klare oss. Men det kan vere ein vond følelse å kjenne på og handtere, og ein vanskeleg følelse å møte hos andre.

Det er fort gjort å be barn slutte å vere så sint.  «Ro deg ned!» «Gå på rommet ditt/sett deg der til du er rolig igjen!» «Kom tilbake når du er klar til å sei unnskyld!» I møte med hyppig og sterkt sinne kan vi som vaksne kjenne oss makteslause. Og ofte går barnet sitt sinne ut over andre barn som vi også har ansvar for. Det gjer våre eigne følelsar enda meir kompliserte når vi skal hjelpe det barnet som er sint.

Det er ikkje uvanleg å tilby trening i sinnemeistring eller ART til elevar som er mykje sinte. For nokre er det bra å lære strategiar for å kjenne igjen signal tidleg, snakke seg sjølv roleg eller fjerne seg frå situasjonen for å sleppe å verte for sint.

Det er likevel truleg at vi i skulen har gitt sinnemeistringstrening til svært mange elevar som har sinne som sekundærfølelse, utan å hjelpe dei med det som ligg under. Altså elevar som eigentleg er redde eller triste, elevar som kjenner på skam eller skyld, eller har andre årsaker i botn som vi ikkje kjenner til. Hyppig og feilplassert sinne er ofte eit symptom på at noko anna er vondt i barnet sitt liv. Og det er ikkje alltid dei sjølv veit, eller klarer å sette ord på, kva det er. Når vi møte slikt sinne med forventning om å lære å meistre sinnet sitt, gjer vi dei vondt. Med dei beste intensjonar sjølvsagt, men det er ikkje bra for dei likevel.

Kvifor er barnet så mykje sint? Det er det store spørsmålet. Kva kan vi gjere for at eleven ikkje lenger treng sinnereaksjonane sine? «Når barn er så mykje og ofte sint som du, er det ofte noko inni dei som gjer veldig vondt. Ofte er barnet eigentleg redd, trist, bekymra eller slit med ting vi vaksne ikkje ser eller forstår. Det er ikkje alltid barnet veit heilt sjølv kva som gjer at det er slik, så av og til må vi bruke ein litt tid saman på å finne det ut. Men vi vil gjerne prøve å finne det ut saman med deg. Vi tenker at det alltid er best for barn å sleppe å måtte vere så sint, for det skaper så mykje trøbbel. Skulle du ønske du var mindre sint? Kan vi prøve å finne ut saman kva du treng for å få det betre?» Om ein møter barnet slik kan ein etter kvart gjerne også trene sinnemeistring om behovet framleis er der. Men sørg for at barnet heile tida opplever at vår viktigaste jobb saman er å sikre at barnet har det bra.

Der og då når vi møter eit sint barn, er det lurt å tone seg inn. Det å møte sinte menneske med heilt flat stemme utan mimikk i ansiktet, kan vere svært provoserande. Det er samtidig heller ikkje lurt å møte sinne med sinne på same nivå. Bli med inn i barnet sitt sinne, men hald deg på 2-3 på skalaen der barnet no kanskje er på 7-10. Vis med stemmeleie, kropp og ansikt at du forstår at barnet er sint. Set ord på det du ser. Sei at du forstår at barnet kjenner det slik. Sei at barnet har lov å bli sint når det vart slik (sjølv om handlinga ein har gjort kanskje ikkje var grei).

Når ein er sint er ein oftast utanfor toleransevinduet sitt. Dette er ikkje tida for å prate. Så når du har anerkjent følelsen lagar de ein avtale om korleis barnet skal få bli rolig igjen. Nokon treng å sitte for seg sjølv. Nokon treng å gå seg rolig ute. Nokon treng å sitte nær, og kjenne den vaksne sin trygge kropp roe ned sin eigen. Nokon treng å høre musikk, eller å ete litt. Nokon treng 2 minutt, andre treng 20. Først når barnet er heilt roleg er det mogleg å prate. Men det kan også vere lurt å vente. Heller gjere noko anna først, og avtale å prate seinare. Når ein startar praten igjen er det lurt om fokuset er at vi som vaksne gjerne vil forstå, og på kva vi saman kan gjere i fortsettinga for at dette ikkje skal skje igjen. Og om det er noko det ville vere bra for barnet å gjere godt igjen. Og om barnet treng støtte og hjelp for å få det til.