Glad - for vaksne

Hjertehjulet for vaksne - Klikk for stort bilete

Hjertehjul med informasjon om følelsen glad. (PDF, 376 kB)

 

Å vere glad er ein god følelse, så vi tenker ikkje alltid over at det kan vere lurt å møte denne følelsen også med klokskap. Men om vi sjølve er slitne eller stressa, er det fort gjort å møte glade barn som lagar høge lydar og tek stor plass med avvising, demping eller frustrasjon. Då kan barnet kjenne på skyld og skam der det eigentleg burde få kjenne seg lykkeleg og glad. Det kan gi dei eit vanskeleg forhold til følelsen seinare i livet.

Difor er også glede lurt å tone seg inn på og møte med validering: «No ser eg at de er kjempeglade og har det kjekt i lag – det er så bra!» Prøv å unngå ordet «men» før du går vidare, om ønsket er at barn skal bli stillare, eller gjere noko anna. Sei heller kva du ønskjer at barna skal gjere med mild, venleg stemme: «Eg vil gjerne at de går og leikar på rommet no» «No vil eg at de avsluttar leiken og ryddar opp» Og sei kvifor: «eg har vondt i hovudet og treng at her er litt stillare» «klokka er mykje så no må vi gå vidare/legge dykk/gjere noko anna».

Om vi møter glede slik sjølv om vi er slitne, stressa eller frustrerte, så påfører vi ikkje barnet skam for å vere glade. Vi ønsker jo at dei skal få vere glade så ofte som mogleg. Og stort sett alltid oppnår vi raskast endring i åtferd hos barn, om vi startar med å bekrefte følelsen dei har, før vi gir gode beskjedar om kva vi vil dei skal gjere vidare.

Det er diverre også mange barn som latar som dei er glade sjølv om dei ikkje er det. Det å «putte på eit smil» kan vere ein god strategi i møte med mykje som er vanskeleg, men det bør ikkje vere noko ein gjer heile tida. Når barn viser andre følelsar enn dei eigentleg har, får ikkje vi som er vaksne hjelpt dei med dei følelsane dei prøver å skjule, og behova som ligg der. Om du møter barn i kvardagen din som «alltid» smiler, men som ikkje ser ut til å ha det veldig kjekt likevel bør vi sjekke ut. Det kan vi gjere ved å sette ord på det vi ser «Eg har lagt merke til at du smiler så mykje. Det er veldig fint når barn er glade og har lyst å smile. Nokre gongar når du smiler har eg lurt på om du eigentleg er trist eller redd, eller om det er noko som er vondt og vanskelig? Korleis har du det eigentleg?» Om barnet då seier at alt er bra kan du uttrykke at det er bra, og minne om at barnet kan vise og fortelje det om det er noko som er dumt også, slik at du kan prøve å hjelpe.