Avsky - for vaksne

Hjertehjulet for vaksne - Klikk for stort bilete

 Hjertehjul med informasjon om følelsen avsky. (PDF, 377 kB)

 

Avsky skal få oss til å ta avstand frå noko som kan føre til sjukdom, smitte eller fare for oss. Vi rynker på nasen, snur oss bort, kjenner på kvalme eller liknande. Kva vi kjenner avsky for, og kor sterk avsky vi kjenner kan variere mykje. Det er vanlig å kjenne avsky for teikn på dårleg hygiene, insekt eller småkryp, mat som er i ferd med å bli dårleg, opne skader på kroppen, sex og atypisk utsjånad.

Nokre barn kjenner avsky overfor noko hos andre barn som dei ikkje kan noko for. Lydar som smatting, snufsing, tics som ufrivillege rykningar eller lydar, eller korleis andre luktar eller ser ut. Dette er sårt og vanskeleg for begge partar. Det gjer vondt å sjå at andre sender deg blikk som tyder på avsky, og eleven som reagerer med avsky har det heller ikkje greitt då dette ikkje er noko ein kontrollerer sjølv og det kroppslege ubehaget kan vere stort.

Som med andre følelsar er det fint om vi møter avsky med inntoning, forståing og validering heller enn å be barnet skjerpe seg eller slutte opp. «Eg ser at du rynkar på nasen og snur deg bort, synes du dette er ekkelt?» «Vi er ulike og reagerer på ulike ting. Mange synes lyder og lukter er ekle, som andre synes er heilt ok, så det forstår eg godt.» «Den som lagar desse lydane kan ikkje noko for det, så vi må finne ei løysing slik at de begge har det bra. Har du nokon forslag til kva vi kan gjere?» Om barnet ikkje har forståing for at det å vise avsky overfor andre gjer den andre vondt, forsøker vi ofte å appellere til empati med å spørje korleis barnet ville følt det om det var ein sjølv om vart sett på slik. For dei fleste er det nok til å forstå at dei må prøve å endre seg. For andre er ikkje empatitrening effektivt. Då må vi vaksne bruke oss sjølve: «Hadde du sett på meg med eit slikt blikk ville eg fått veldig vondt, så det vil eg at du sluttar med. Om det er noko som vekker avsky i deg eller frustrerer deg, vil eg at du seier frå til meg slik at vi kan finne ei løysing. Det skal ikkje gå ut over andre at du kjenner det slik, men eg vil prøve å hjelpe deg så godt eg kan.»

Vi kan lære barn at avsky er kroppen vår sin måte å varsle oss om at noko eller nokon kan smitte oss med sjukdom, men at denne følelsen ofte tek feil. Når barna kjenner avsky kan dei undre seg over følelsen og sjekke ut om dette faktisk er noko som kan smitte dei, eller vere farlig for dei, - gjerne saman med oss vaksne. Om det ikkje er det, kan tenkehjernen lettare hjelpe følelse-hjernen neste gong dei kjenner avsky for dette. Når vi kan sette ord på det vi kjenner, og forstå kvifor vi kjenner det, er det lettare å akseptere at følelsen prøver å hjelpe oss sjølv om den kanskje tek feil. Om vi treng det kan vi forstyrre sansane med musikk i øret, øyreproppar, feste blikket på noko vi likar eller ha med noko å lukte på som gjer oss godt.